juni 2025

Plakat
3.jun kl 18:00 - 20:00
GJENSYN med dei som lever der ingen skulle tru at nokon kunne bu på Fryseriet på Meieriet kulturhus på Leknes
Vestvågøy Historielag presenterer tirsdag den 3. juni kl. 18.00 til 20.00 på Fryseriet, Meieriet kulturhus GJENSYN med dei som lever der ingen skulle tru at nokon kunne bu Oddgeir Bruaset skapte TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Til saman vart det 72 program fordelt på 12 år. Etter at han pensjonerte seg, har han stadig fått spørsmål om korleis det har gått med alle dei han laga program om. Lever dei? Bur dei der enno? Driv dei på same vis? Etter kvart vart spørsmåla så mange at Bruaset skjønte han burde skrive bok om det som har skjedd med alle dei han har besøkt der ute. Så godt som alle stadene han har vore innom, er med i boka. Nor er han på ei lita reise i Lofoten, og då vil han mellom anna fortelje om stader i Nordland som han har laga program ifrå. I tillegg til det som blir fortalt, inneheld boka også ei mengd bilete, både av menneska den gongen programma vart til, og slik dei ser ut i dag. På Fryseriet på Leknes Kulturhus vil Bruaset vise bilete og fortelje om korleis det har gått med folket utanfor allfarveg. Han lovar at han har både fornøyelege og rørande historier å komme med. Etter foredraget kan folk kjøpe boka som foredraget byggjer på, gjerne med ei helsing attåt. Program: Kl. 18.00 – 18.40 Foredrag fase 1 Kl. 18.40 – 18.55 Kaffepause med kaker Kl. 19.00 – 19.30 Foredrag fase 2 Kl. 19.30 – 20.00 Spørsmål og salg og signering av bøker

Hentet fra ka-nu.no

Hvis du ønsker å se dine arrangement på denne siden, kan du opprette en gratis brukerkonto på ka-nu.no